Rammsund
metalcovers
På slueste vis tar Rammsund i bruk Rammsteins musikk og beinføring, i nynorsk språkdrakt. Nok en gang inntar dette kultfenomenet våre scener – lørdag 18. januar 2025 kommer de tilbake til Rockefeller for å levere en konsert det kommer til å lukte svidd av!
*Neida, du MÅ ikkje skjøne tekstane for å setje pris på musikken til Rammstein. Men du kan tru det hjelper! Heldigvis treng du ikkje lære deg tysk. La heller Rammsund ta jobben for deg og presentere det heile på klingande nynorsk!
Ideen om å spele Rammstein på norsk – eller altså nynorsk – kom til bandet på fest for godt over 20 år sidan. Kva er då meir passande enn å framføre musikken på mest festlege vis?
Rammsund er hardt, feitt og brutalt. Og med ein noko større dose godt humør enn det metalband gjerne er kjende for. Sånn må det vere – det er jo Rammstein.
Nynorsk er det einaste norske språket som er stramt og hardbarka nok til å vere det austtyske metalfenomenet verdig. Om du er blant dei som i dei siste drøyt 20 åra enno ikkje har fått med deg Rammsund live, så har du sjansen igjen no.
Det var i Oslo eventyret starta, og no er bandet nok ein gong tilbake på Oslos mest legendariske scene. Nemleg Rockefeller. Kom! Kom!*
– Rammsund
Foto: Bjørn Opsahl